Foreslår å avslutte samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet
Regjeringa foreslår at prosjektet for samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i Bergen avsluttast. Det skal vurderast nærare korleis ein kan ivareta dei bygningsmessige behova til Havforskingsinstituttet. Behovet for nye lokalitetar i Bergen vil inngå i vurderinga.
- Budsjettet for 2023 satsar på tryggleik og rettferdig fordeling og det betyr tøffe prioriteringar. Regjeringa foreslår at det blir sett av 20 millionar kroner til å utgreie korleis dei bygningsmessige behova til Havforskingsinstituttet skal ivaretakast, skriv departementet i ei pressemelding.
– Handlingsrommet i budsjetta blir mindre, og det viktigaste no er å sørgje for trygg økonomisk styring. Vi må derfor prioritere strengt kva for investeringar som skal gjerast. Vi skal no vurdere nærare korleis vi kan ivareta Havforskingsinstituttet sine behov i Bergen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Regjeringa varsla i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 ein gjennomgang av planane for byggjeprosjekt i statleg sivil sektor. Målet var å redusere kostnadene til slike prosjekt, få betre kostnadskontroll og unngå ytterlegare press i norsk økonomi. På bakgrunn av dette foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2023 å avslutte samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet.