Lovbrotsgebyr til Steinvik Fiskefarm
NVE har gjeve Steinvik Fiskefarm AS i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane eit lovbrotsgebyr på kr 400 000 for brot på konsesjonsvilkår om slepp av minstevassføring og tørrlegging av Riselva.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Tørrlegginga av Riselva var i tidsrommet kl. 16:00 til 18:23 21.9.2017.
- Vi ser svært alvorleg på brot på krav om slepp av minstevassføring. Av omsyn til livet i elva skal det alltid sleppast tilstrekkeleg med vatn. Slepp av minstevassføring er ein avgjerande føresetnad for å få løyve til å bruke vatnet frå Riselva til settefiskanlegget, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVEs miljøtilsyn for vassdragsanlegg i ei pressemelding på nettsida deira.
Steinvik Fiskefarm AS fekk løyve etter vannressursloven § 8 til vassuttak og regulering av Risevatnet til landbasert oppdrett av fisk i mars 2017.
I konsesjonsvurderinga vart det lagt vekt på at Risevassdraget har ein viktig funksjon for stadeigen anadrom og stasjonær laksefisk. I tillegg har vassdraget regional verdi for ål. I løyvet er det fastsett krav til slepp av minstevassføring. Av konsesjonsvilkåret følgjer det at konsesjonæren skal sørge for at fisken sine vandringsmogelegheiter i vassdraget vert halde ved like.
Steinvik Fiskefarm AS kan klage på avgjerda til Olje- og energidepartementet, innan tre veker frå mottak av meldinga, skriv NVE.