Steinvik Fiskefarm, åpen dag i 2014. Foto: arkiv.

Ser fleire fordelar med å ha visningskonsesjonar

30-års jubilanten Steinvik Fiskefarm i Steinvik-konsernet har over 1000 besøkande kvart år på sin visningskonsesjon. Anne Karin Vassbotten seier til kyst.no at dei ser fleire fordelar med å ha eit slikt tilbod.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Steinvik Fiskefarm Visningssenter er eit praktisk visningsanlegg for produksjon av laks og aure, og formidling av havbrukshistorie for publikum. Visningsenteret er ope for skuleklassar, turistar og andre som har interesse av å lære meir om norsk marin matproduksjon.

På visningslokaliteten har dei fått tildelt ein konsesjon med ein MTB på 500 tonn. Dette er den minste typen av visningskonsesjonane.

- Me har iallefall 1000 besøkande kvart år, men det er ofte meir også, fortel Anne Karin Vassbotten i Steinvik, selskapet som driftar visningssenteret. Oppdrettaren feirar i år 30-års jubileum.

På senteret opplev dei å få inn mange forskjellige typar grupper som ynskjer omvisningar. Men dei ser også ein aukande interesse frå eksportselskapa som oftare tar med seg kundar ut på omvisningar, for å vise den daglege drifta på anlegget.

Her gir Anne Karin Vassbotten, ansvarleg for visningskonsesjonen omvisning til skuleelvar. Foto: Steinvik Fiskefarm.

Godt eigna for visningar

- Her på hovedbasen i Steinsvik er det svært godt eigna til å ha eit visningssenter, du har senteret like ved oppdrettsanlegget og dei besøkande slepp å køyre båt ut til anlegg. Så me har mykje besøkande på senteret, men også veldig mange som får vera med ut på merdkanten, og det er det me tykkjer er viktig. Rett å slett for å sjå korleis me driv fiskeoppdrett, seier ho til kyst.no.

Selskapet meinar noko av fordelen med å væra ei familiebedrift og ein mindre aktør er at dei er lett tilgjengelege både for ansatte, kundar og også besøkande.

- Dersom nokon ynskjer ein omvisning får me det alltid til. Ved avtale kan me også visa rundt i helgane.

Etter behov kjem også andregenerasjons oppdretter Alex Vassbotten inn og delar sin kunnskap.

Vassbotten fortel at ho tilpassar programmet til kvar enkelt gruppe.

- Vi får faktisk born heilt ned i barnehagealder her på visning sidan eg er utdanna førskulelærar. Me meinar at der er viktig å også visa dei minste kva me gjere på og læra dei litt om fisk og oppdrett. Vi tilpassar informasjonen etter kunnskapsnivå og interesse.

Alex Vassbotten med regnbogeaure fra ein av lokalitetane deira. Foto: Steinvik Fiskefarm

Då dei får besøk av ungdomskulelevar og videregåande elevar er fokuset utdanning, moglegheiter i næringa og kva som kreves for å jobba innan oppdrett.

Drar til seg turistane

Sjølv om bedrifta ligg utanfor allfarveg, kjem det mange utanlandske turistar, med alle moglege nasjonalitetar. Mellom anna hadde Vassbotten nyleg ei gruppe fra Sør-Korea på besøk, der det kom fram at ein av dei besøkande var fiskeriministeren i landet, som var svært nyfiken på korleis eit lite selskap gjorde det i forhold til dei store konsernselskapa.

Familiebedrifta har også eit ynskje om å gje tilbake til grenda/bygda og støttar difor mange idrettsorgansisasjoner og lag.

- Me likar å gje noko tilbake til samfunnet og bygda, samstundes meinar me det også er viktig å investera i selskapa og vidareutvikla dette. Særleg investeringar i nytt utstyr og tiltak for fremtidig drift er viktig, seier Vassbotten.

På visningsenteret får du ei omvisning inne på senteret med informasjon om laks og livssyklusen til fisken, du får også være med på merdkanten og sjå laksen eller auren saman med luseknekkaren rognkjeksen som symjer og sug seg fast på merda. Anlegget har også moderne utstyr som gjer at alle dei besøkande får sjå korleis dei fôrar fisken på storskjerm, noko som mange tykkjer er spanande, ifølge Vassbotten.

- Får bra rykte

- Kva får Steinvik Fiskefarm igjen for arbeidet dei gjer med visningssenteret? 

Under Open dag på Steinvik fiskefarm er det populært å få ein tur ut på sjøen. Foto: Steinvik.

- Me får utruleg masse "goodwill" og me ser at både næringa og selskapet får eit betre rykte av at dei kan få sjå kva me driv med og kome tettare på oppdrettsverksemda.

Jubilant-bedrifta merkar den rivande utviklinga, som Vassbotten beskriver det som. Der ho får positive tilbakemeldingar frå besøkande som vert fasinert over historia til bedrifta.

- Guidane våre på senteret er folk som har eit godt innsyn i næringa og har det i ryggmargen, det trur eg gjer at dei besøkande får inntrykk av at me er ei engasjert og spanande bedrift, legg ho til

Arrangerar open dag for 6. året på rad

Laurdag 21. mai er det tid for det årlege arrangementet Open dag på Steinvik Fiskefarm Visningssenter, som arrangerast for sjette året på rad.

Familiearrangementet skal ha fleire ulike aktivitetar utover dagen, og har tidlegare hatt opptil 650 besøkande. Dei vil servera fersk fisk frå visningsmerda, som grendelaget vil selje til inntekt for nye gatelys i bygdeområdet.

Open dag på Steinvik fiskefarm har samla opptil 650 besøkande tidlegare år. Foto: Steinvik.

Mellom anna kan du oppleva: 

*Utstilling frå oppdrettsnæringa – vera med på quiz.

*Sjå auren / laksen i merdane. Og sjå rognkjeksa deira.

*Sjå arbeidsbåten Sendingen III.

*Båt-turar med raske arbeidsbåtar.

*Fiskekonkurranse for barn – Steinvik har fiskeutstyret. (Ta med redningsvest for dei minste 0-5 år.)

Opent frå 11.00-17.00.