Legger ned Svanøy Røykeri: - Rødlyset får konsekvenser
Marø Havbruk opplyser fredag at de har kommet frem til den tunge og trise avgjørelsen om å avvikle dagens drift på Svanøy Røykeri AS.
Det skriver selskapet på sin Facebook-side fredag. Hele innlegget til selskapet er gjengitt under:
Dette er ein spesielt vanskeleg avgjørelse å ta, først og fremst ovenfor våre to fantastiske tilsette og ikkje minst alle våre gode kundar og følgere som har vore trufaste og lojale i alle desse år. Mange har vi fått eit langt og godt forhold til, nokon personleg, nokon pr. telefon, e-post og nettbutikk over mange år, men like fullt kjennest det som ein personleg relasjon og at vi no skal gjennom ei skilsmisse. Det er ein vanskeleg avgjørelse å ta, men forhåpentlegvis den rette.
Å drive Svanøy Røykeri har vore mitt liv og daglege virke i nesten heile mitt yrkesaktive liv, heile 17 år til sommaren. Men relasjonen til røykjeriet er eldre. Eg husker framleis min første beinnipping som 10-åring. For Elin, Trond og Borghild (mamma, pappa og bestemor) har det vore ein stor del av livet i 32 ÅR! Dei har alle gjort ein formidabel innsats for at denne bedrifta har vart til no. For mine 3 barn har det vore heile livet med ei mamma med lakselukt som sjeldan har fått med seg juleforberedelser eller juleavslutningar. For min mann har store deler av samlivet vore med meg og røykjelaksen, der laksen ofte har hatt 1.pri. Så for alle sin del blir det veldig rart å seie at dette no tar slutt, i alle fall i den form det har i dag.
Kva vegen vidare vil bringe er framleis uvisst, men det ordnar seg alltid for den som likar arbeid. Det som er sikkert er at vi gjennomfører siste ordinære produksjon i byrjinga av juni, da legges nettbutikken ned, og det kan ikkje lenger forventast å få laks levert på kort varsel. Frå juli av tar vi ein lengre ferie for kropp og sjel …
Svanøy Røykeri er ikkje i ferd med å gå konkurs, men over tid blir slitasjen på få kroppar for stor, og varig arbeidskraft vanskeleg å finne. Slik er dessverre realiteten i ein utkant som Svanøy, og det må vi forholde oss til.
Så kom dråpen som fylte begeret med statens nedtrekk i produksjon av laks på bakgrunn av trafikklyssystemet. Dette gir mindre fisk i marknaden der prisen er styrt av tilbod og etterspørsel. Dette vil gi ytterlegare press på lakseprisen som allereie har vore veldig høg over lang tid. Det kan vere bra isolert sett for ein eigar av eit oppdrettsselskap, men for næringa og foredlingsindustrien får det konsekvensar. Ved berre å fortsette å auke prisen er vi redd vi når ei smertegrense, den risikoen er vi ikkje villig til å ta.
Å oppretthalde vårt høge kvalitetsnivå har alltid vore første prioritet, det krev sitt; Nitidig oppfølging, kontinuitet og hardt arbeid. Så summen av mange faktorar gjer til at valet har falt der vi no står, og vi gir oss derfor mens «leiken er god» og med flagget til topps!
Sjølv om dette er vemodig og framleis litt uverkeleg, ønsker vi samtidig å takke alle våre trufaste kundar! Dykk som har kjøpt våre produkt, skrytt av oss, komme med gode og konstruktive tilbakemeldingar, spreidd ord om oss gjennom jungeltelegrafen, dradd med fullstappa koffertar på tur til utlandet og heia oss fram gjennom tjukt og tynt. Utan alle dykk hadde vi aldri komme så langt eller heldt ut så lenge som vi har gjort. Vi er dokke alle djupt takknemlege. Tusen takk for oss og tusen takk for no! Det har vore ei stor ære!
Innlegget er signert av «Gro og resten av laksefamilien».