I forsøket såg ein at fleire lakselus greier å etablere seg på verten ved aukande temperatur. Foto: Sussie Dalvin/Havforskingsinstituttet

Slik påverkar temperatur samspelet mellom laks og lakselus

For å få meir kunnskap om effekten av temperatur på ikkje berre laks og lakselus, men også interaksjonen mellom dei, har ein i prosjektet Infest ved Havforskingsinstituttet undersøkt om ulike stadier av lakselus påverkar verten sin immun- og stressrespons ved ulike temperaturar, samt om det påverkar parasitten si evne til å etablere seg og overleve på verten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I ein artikkel i siste nummer av Norsk Fiskeoppdrett skriv Mathias Stølen Ugelvik og Sussie Dalvin frå Havforskingsinstituttet om dette.

Dei skriv at temperatur potensielt har ei stor effekt på både laksen (verten) og lakselusa, og den varierer mykje både gjennom året og geografisk frå nord til sør langs kysten vår.

- Det er difor viktig å få kunnskap om korleis vert, parasitt og samspelet mellom dei vert påverka ved ulike sjøtemperaturar. For å undersøkje dette infiserte vi  laks med lakselus ved fire ulike temperaturar, som spente frå gunstig og ned til ikkje-optimale låge temperaturar, skriv dei.

For å få meir kunnskap om effekten av temperatur på verts-parasitt interaksjonen har dei i prosjektet Infest (FHF- prosjektnr. 901565) ved Havforskingsinstituttet gjennomført smitteforsøk med lakselus på atlantisk laks i laboratoriet ved fire ulike temperaturar (4, 8, 12 og 16°C). I forsøket undersøkte dei om ulike stadier av lakselus (chalimus, pre-adult og adult) påverkar verten sin immun og stressrespons ved ulike temperaturar, samt om det påverkar parasitten si evne til å etablere seg og overleve på verten.

Konklusjonen i artikkelen er at deira funn tydar på temperatur har ei effekt på verten og parasitten, men og på interaksjonen mellom dei.

- Låg temperatur fører til at lusa har redusert infeksjonssuksess og overleving på verten, det er assosiert med mindre mengder kortisol i blodet og tidvis forsinka eller redusert immunrespons.