Bilde fra forsøk.

Kommentar:

- Merdmiljøet er det viktige for laksen

Publisert

I eit lesarinnlegg med tittel «Løfting av dypvann: Luftbobler eller pumpe?» konkluderer Bio Marine med at oppdretter bør velje deira produkt framfor pumpeløysing når ein vil ha tak i vatn frå djupet. I innlegget skriv Asbjørn Bergheim at «Ser man nærmere på de hydrauliske forholdene i merdene til de to alternativene, pumping eller bruk av luftbobler i stigerør (Turbolift), er det et par klare forskjeller: ved pumping av dypvann til overflaten vil vannet normalt synke nedover langs røret igjen da det er tyngre enn overflatevannet pga. høyere saltinnhold*) og lavere temperatur. Dette medfører at kun en begrenset del av merdvolumet blir utskiftet. I et modellforsøk ved SINTEF er denne effekten demonstrert.»

Fjord Miljø er kjent med modellforsøket det blir vist til og rapporten til Sintef (Frank & Lien, 2015). Fjord Miljø har derfor gjennomført forsøk i fullskala med eit ufarleg fargestoff. Forsøket stadfesta at vår metode fordeler vatnet heilt ut til ytterkantane i merdar på 157 meter omkrans. For ordens skuld kan eg legge til at forsøket vart gjennomført på eit tidspunkt då både salinitet- og temperaturskilnadar bidrog til at vatnet som vart pumpa gjorde at vatnet hadde høgare tettleik enn vatnet på utsida av merdane i overflata.

Bergheim/Biomarine skriv vidare at «Ved bruk av luftbobler i en hylse vil derimot vannet spres utover i overflaten i nota fordi boblene gir et lettere vann…». Det blir synt ei teikning av dette samanstilt med bilete frå Sintef sin rapport slik at lesaren i god tru kan oppfatte at denne påstanden er godt forankra i forskinga. Men saken er at denne påstanden ikkje har noko med Sintef sitt forsøk å gjere. Såleis heng påstanden om at «boblene gir et lettere vann» bokstaveleg talt i lause lufta. Når boblene forsvinner ved overflata står ein att med det same vatnet.

I dette innlegget skal eg ikkje meine noko om kva oppdretter bør velje. Men eg tykkjer ikkje det er eit konstruktivt bidrag å villeie og framstille noko som fakta når det i beste fall er mangelfullt. Det Bergheim og Biomarine ikkje tek med i sitt lesarinnlegg er det som også står i konklusjonen i Sintef sin rapport frå 2015: «For å ta i bruk en slik løsning må man utvide løsningen til å få bedre spredning i det pumpede vannet.» Så var det kanskje ikkje umogleg likevel?

Eg tenkjer ein skal vere audmjuk med tanke på at her framleis er store utviklingsbehov i næringa. Og ikkje minst mykje å lære på ulike lokalitetar når ein skal skjerme tilstrekkeleg mot lakselus samstundes som ein skal oppretthalde eit godt merdmiljø. Men at det er mogleg å få til ei god spreiing av det pumpa vatnet, det veit vi frå fullskala testing. Og ikkje misforstå, dette ikkje eit angrep mot bobler. Vi kan også by på bobler i vår produktportefølgje!

Strømmenflex forsøk distribusjon i merd.

Laks er viktig for Noreg er eit slagord i næringa! Og merdmiljø er viktig for laksen seier vi i Fjord Miljø. Såleis er merdmiljø og fiskevelferd ei nasjonal interesse som krev stor merksemd og samarbeid framover!