
Engesund Fiskeoppdrett vil utvide i Masfjorden
Selskapet søkjer om løyve til utviding av lokaliteten Duesund i Masfjorden kommune.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
På kommunen sine heimesider kjem det fram at selskapet søkjer om løyve til å auka MTBen på lokaliteten frå 1560 tonn til 2340 tonn. Det vil seie ei auke på 780 tonn.
I vår søkte dei og om utviding av lokaliteten Laberget i same kommune frå 780 tonn til 2340 tonn. Denne søknaden er endå ikkje ferdigbehandla hjå Fylkeskommunen.
Utanfor terskelfjord
Tidlegare i år vart det vedtatt at nokre av oppdrettarane i kommunen måtte redusere biomasse, og stoppe produksjonen på ein av lokalitetane, grunna lave oksygennivå i fjorden, som igjen skuldast at Masfjorden er ein terskelfjord med lav vannustskifting.
Les også: Fylkesmannen stanser driften ved oppdrettsanlegg i Masfjorden
Dei omsøkte utvidingar på nevnte lokalitetar ligg utanfor terskelfjorden.
Kyst.no har ikkje nådd selskapet for kommentar til saka.