Olve Grotle i Høgre på framlegginga av regjeringas havbruksmelding i Bergen.

Etterlyser meir kunnskap om lakselus

– I Havbruksmeldinga har lakselusa fått ei sentral rolle. Uavhengig av kva som blir resultatet i Stortinget, bør kunnskapen om lakselusa si påverknad på villaksen styrkjast.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Olve Grotle, fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson i Høgre i denne kronikken.

Det bør etablerast forum for betre dialog og samarbeid mellom det offentlege og havbruksnæringa. 

Norsk forvaltning av fiskeriressursane er svært god. I dag rår det god konsensus om tilstanden til villfisken vår, forståing og aksept av kvotefastsetting, og eit tillitsfullt samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet, NFD og fiskerinæringa. Denne suksesshistoria bør vere til inspirasjon for havbruket.

For når det gjeld havbruksnæringa vår er situasjonen ikkje den same. I alle fall ikkje når det kjem til konsensus, dialog og tillit mellom myndigheiter og næringa om eit svært viktig tema; lakselusa.

Det kanskje mest tydelege dømet på dette er det som har skjedd i samband med nedtrekka i PO3 og PO4 etter trafikklyssystemet. Her har det blitt svært tilspissa mellom myndigheitene og mange av oppdrettarane, og med stadige besøk innom domstolane. Tvistetema har m.a. vore knytt til lakselusa si reelle påverknad på villaksen, men òg det som næringa opplever som manglande vilje til samarbeid og dialog frå det offentlege.

Dessverre er det grunn til å frykte at dette ikkje vil gå over med det første, og det kan her nemnast at det kan bli fleire PO som blir raude i tida framover. Skulle til dømes Havbruksmeldinga bli lagt til grunn, og lusekvotar bli fastsett med utgangspunkt i den ordninga som blir brukt i trafikklyssystemet, vil det nærmast automatisk kunne føre til vesentleg reduksjon i fleire PO samanlikna med dagens nivå.

Eg meiner derfor at vi må bruke høvet Havbruksmeldinga nå gir oss, til å leggje til rette for innhenting av meir kunnskap og endå meir forsking på lakselus og dei konsekvensar denne har på villaksen og oppdrettslaks. Sidan villaksen er ein sentral del av luse-problematikken, vil det òg vere formålstenleg å få endå meir kunnskap om utfordringane denne står overfor. Kva skjer i vassdraga våre? I havet?

Omfanget og innhaldet i arbeidet, om det skal vere enkeltståande prosjekt eller noko meir permanent, har eg ikkje sterke oppfatningar om. Mandatet bør i alle fall vere så breitt at det kan gi oss svar på mange av spørsmåla det er stor strid om i dag.

Eg har sjølvsagt ikkje meiningar som kven som skal vere med i eit slikt arbeid, men for legitimiteten sin del bør det både vere breitt samansett og ha med forskarar og fagfolk utanfor det etablerte fagmiljøet. Det har vi alt å tene på gitt det eg har skrive om det tilspissa forholdet.

La ein ting likevel vere klart. Dette er ikkje eit innlegg om at lakselusa ikkje har påverknad på villaksen eller oppdrettslaksen, slik myndigheitene har lagt til grunn i lang tid. Det meiner dessutan heller ikkje oppdrettarane.

Eg har heller ikkje grunnlag for å rette kritikk mot det forskararbeidet som blir gjort, sjølv om eg har sett at havbruksnæringa og fleire har reist kritiske spørsmålsteikn ved metodikken, deriblant fagleg kritikk frå andre forskarar gjennom fagfelle vurderte publikasjonar i internasjonale vitskaplege tidsskrift.

Meir, betre og sikrare kunnskap vil i seg sjølv bryte ned motsetningar. Eg meiner likevel det bør vurderast å få på plass eit eige fast forum eller utval som kan betre dialogen og samarbeidet mellom næring, myndigheiter og forsking.

Her kan ein tenkje seg ulike måtar å gjere det på. Skal eg ta ballen på direkten kan eg nemne at fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) oppretta Fagleg utval for ressursforsking (FUR) i 2015.

I dette utvalet arbeidar forskarar frå Havforskingsinstituttet saman med fiskerinæringa, representert ved Noregs Fiskarlag, Noregs Kystfiskarlag og Pelagisk Forening. Fiskeridirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementet er observatørar. Utvalet møter to gangar i året, og Havforskingsinstituttet fungerer som sekretariat for utvalet.

Kanskje kan noko slik vere ein ide? Sjølvsagt med naturlege tilpassingar, når det gjeld oppgåver, representantar frå aktørane og eventuelt medlemmer med særskilt relevant kompetanse.

Havbruksmeldinga skal vise veg for eit av dei viktigaste næringane vi har, og han inneheld fleire, komplekse forslag til svært store endringar. Tida vil vise korleis dette blir mottatt på Stortinget, men det er ikkje tema her.

For uavhengig av kva som til slutt måtte bli resultatet av arbeidet i nasjonalforsamlinga, er kunnskap, dialog og samarbeid viktig. Dette innlegget er eit forsøk på å løfte opp desse verdiane.