Øyvind Kråkås er samfunnskontakt i Firda. Han meiner det må være betre dersom ein stor del av næringa kan redusere lusesmitten betydeleg, enn at nokre få lokalitetar blir heilt lukka.

Kommentar:

Null utslepp og null resultat?

Vi reagerer med undring på at fleire meiner at miljøfleksibilitetsordninga bør bli avgrensa til såkalla nullutsleppsteknologi. Dette vil etter vårt syn vere motstridande til målet om rask omstilling, og i brot med Stortingsvedtaket om teknologinøytralitet.

Publisert Sist oppdatert

Det må vere betre at ein stor del av næringa kan redusere lusesmitten betydeleg, enn at nokre få lokalitetar blir heilt lukka. Så vidt vi er kjende med, er det ikkje tilgjengeleg teknologi utan utveksling med miljøet rundt for den kommersielle marknaden. For at ordninga med miljøfleksibilitet skal vere noko meir enn ei opning for eit fåtal konsept-utviklarar, slik både dei grøne C-konsesjonane og utviklingskonsesjonane vart, må det vere tilgjengeleg for alle å ta i bruk teknologien, både med omsyn til utstyr og lokalisering.

Vi vil ikkje underslå fordelane med å skilje fisk frå smitte i dei frie vassmassane, men realismen er at mange faktorar må avklarast før ein kan gå frå lågt utslepp til null utslepp. Dei to nemnde teknologiordningane har ikkje gjeve oss utstyr som fyller krava, og tilgangen på naudsynt energiforsyning er tilmålt. Forbruk av energi må og koplast mot klimaomsyn. Vi høyrer no at forskarane vurderer klimaendringar som ein betydeleg trussel også for villaksen si overleving i havet.

Derimot er semilukka postmoltproduksjon ei lågthengande frukt å plukke. Teknologien finst, men kan bli betre raskt gjennom storskala utprøving. Lovverket er framleis ufullkoment, spesielt med omsyn til å flytte fisken frå det lukka anlegget til sjølokaliteten. Også nedsenkbare merdar syner gode resultat, og kan produserast i store kvanta. 

Så kan ein sjølvsagt seie at nokre av desse løysingane burde kunne takast i bruk raskare enn det går å lage ei ordning for miljøfleksibilitet. Vårt forslag vil i så fall vere at selskap som har fått inndrege volum, kan ta dette i bruk att ved å bruke denne typen utstyr. Det vil gje raske investeringar, og omstilling der utfordringane er størst i dag. Slik kan næringa ruste seg for vidare verdiskaping og samfunnsøkonomisk nytte, framfor nedbygging.