Lina Braanaas Utne meiner det må komme forenklingar og effektivisering i forvaltninga av havbruk.
Foto: Magnus Johan Marøy.
- Fiskevelferd og dødelegheit må bli fundamentet for trafikklyssystemet
Firda Seafood-sjefen meiner at trafikklyssystemet treng ei omlegging, der god fiskevelferd blir målet, og dødelegheit indikatoren.
Regjeringa skal legge fram Havbruksmeldinga i 2025. Firda Seafood Group har i den anledning sendt inn fire sider med innspel som dei publiserte på LinkedIn.
Konsernsjef Lina Braanaas skriv mellom anna at trafikklysysstemet treng ei omlegging, der god fiskevelferd blir målet, og dødeleggheit indikatoren.
- Nedtrekk som sanksjon må erstattast av ordningar som legg til rette for omstilling. Lus må styrast av eitt regelverk, som gjeld for alle produsentar i heile landet til ei kvar tid. Inndrege volum må frigjevast til utviklingsformål med klare mål og retningsliner, skriv Braanaas.
- Fiskevelferd og dødelegheit må bli fundamentet
Ho peiker på at biologisk produksjon må sjåast i ein heilskap, og Firda meiner at god fiskevelferd må vere utgangspunktet for forsvarleg oppdrett.
- Det absolutte målet på fiskevelferd i ein stor produksjon, er dødelegheit. Om ikkje fiskevelferda blir betre i norsk fiskeoppdrett samla sett, styrer vi mot nedbygging. Difor meiner vi at fiskevelferd og dødelegheit må bli fundamentet for trafikklyset. Lus bør takast ut av trafikklyssystemet og styrast av eitt samla lovverk; luseforskrifta. Denne er lik for heile landet, og det er opp til den enkelte å etterleve ho.
- Må prioriterast
Oppdrettskonsernet meiner at ei ordning for postsmoltproduksjon i sjø må prioriterast.
- Gode ordningar må bygge på å omstille produksjonen mest mogleg for ein lågast mogleg pris, og med minst mogleg trong for knappe ressursar, som elektrisk kraft og landareal, skriv Firda-sjefen.
Dei meiner også at det må kome forenklingar og effektivisering i forvaltninga av havbruk. Samstundes som kapasiteten må styrkast hos dei ulike direktoratat og tilsyna.
Les heile innspelet her.