16 millionar leppefisk fangsta
Olav Lekve i Fiskeridirektoratet fortel det er eit godt fiske etter leppefisk så langt i år, spesielt på Vestlandet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Sidan startskotet for fisket etter leppefisk gjekk i midten av juli, har millionar av villfanga rensefisk vorte fiska langs kysten.
Avtroppande kommunikasjonsdirektør Olav Lekve frå Fiskeridirektoratet, fortel kyst.no at det er eit godt fiske etter leppefisk.
- Spesielt på Vestlandet. I desse dagar har ein passert 16 millionar fisk. I Midt-Noreg er det så langt fangsta 2,9 millionar fisk, på Vestlandet er dei oppe i 9,8 millionar fisk og på Sørlandet 3,2 millionar fisk, per fjerde september.
Les også: Over fem millioner leppefisk fisket på drøye tre uker
Enkelte fartøy seier han vil vera ferdig med fartøykvoten, medan andre har varierande kvantum igjen.
- I år er fisket etter leppefisk regulert med fartøykvotar á 75 000 stykk fisk og ikkje med et totalkvantum slik som i 2016, poengterer Lekve.
Så langt i sesongen har det vorte fiska mest bergnebb (7,1 millionar stykk) og grønngylte (7, millionar stk).
- Det er så langt ikkje registrert fangstar av blåstål og kun 1400 rødnebb.
- Ikkje alle røktar kvar dag
Lekve seier direktoratet er litt urolege over tilbakemeldingane dei har motteke om at teiner og ruser ikkje blir røkta kvar dag, slik dei eigentleg skal.
- Vi har også registrert at fiskarane sorterer fisken ein anna stad enn der den vart fanga. Fisk som er under minstemålet skal jo tilbake i sjøen, seier han.
Les også: Fisket etter leppefisk åpnet mandag og er i full gang
Leppefisk er svært stadeigen, ifølge Lekve, som gjer at den får problem med å finne tilbake til der den trivst viss den blir satt ut igjen ein annan stad.
- Vi oppmodar difor fiskarane til å sortere fisken der den er fanga og at den blir satt tilbake i sjøen igjen på ein skånsam måte for å unngå at fisken blir skada eller i verste fall døyr som eit resultat av handsaminga den blir utsatt for, seier Lekve avslutningsvis.
På tross av gode fangstar meldte direktoratet førre veke at dei ikkje kjem til å stoppe fisket, etter at dei hadde motteke fleire bekymringsmeldingar frå fiskarar som lurte på om det vert innført eit midlertidig stopp i fisket.
Les også:
- HI går ikke inn for å åpne fisket av leppefisk
- Leppefiske må kontrollerast betre
- Over 200 ulovlige teiner beslaglagt i storaksjon