Vestland fylkeskommune ønskjer å bidra til å snu utviklinga med meir kunnskap og treffsikre tiltak.

Gir millionar til lusekamp

Vestland fylkeskommune løyver fem millionar kroner for å styrke forsking og samarbeid mot lakselus. Målet er at oppdrettsnæringa i fylket skal gå frå raud til grøn sone i trafikklyssystemet

Publisert

Havbruk er ei viktig framtidsnæring i Vestland med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar i kystsamfunna, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding. 

I dag er Vestland i raud sone i trafikklyssystemet, noko som fører til redusert produksjon i oppdrettsanlegga.

– Lakselus er ein av hovudtruslane mot villfisk. Mange ulike tiltak er sett i verk for å redusera lusepåverknad på villfisken, utan at ein har tilstrekkeleg kunnskap om kva som er dei beste løysingane. No må vi finne dei løysingane som faktisk verkar, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval næring i Vestland fylkeskommune. 

Vestland fylkeskommune ønskjer å bidra til å snu utviklinga med meir kunnskap og treffsikre tiltak. Det er henta inn innspel frå næring, forvaltning og kunnskapsmiljø, og fylket har fått ei rekkje tilbakemeldingar. No får forskingsmiljø og næringsaktørar høve til å søkje om støtte til prosjekt som skal bidra til at havbruksnæringa i Vestland skal kunne auke produksjonen framover.

Midlane skal gå til forskings- og utviklingsprosjekt som: 

  • Reduserer mengda lakselus i oppdrettsanlegg 
  • Evaluerer tekniske løysingar og førebyggjande tiltak
  • Undersøkjer kvifor laks og sjøaurebestandane går ned
  •  Legg til rette for samarbeid mellom næring, forsking og forvaltning 

Vil vite kva som fungerer 

– Trass i mange nye tiltak dei siste åra, manglar vi framleis oversikt over kva som faktisk har best effekt. Fylkeskommunen vil derfor støtte prosjekt som evaluerer eksisterande førebyggjande tiltak, og prosjekt som testar ut nye tekniske løysingar mot lakselus, seier Handegard. Prosjekta må vere i samarbeid mellom oppdrettsnæringa og forskingsmiljø, og resultata skal komme heile næringa til gode. 

Møteplassar og open debatt 

Delar av midlane skal òg gå til å byggje felles kunnskapsgrunnlag og betre dialog mellom ulike aktørar. Fylkeskommunen vil arrangere møteplassar der forskarar, oppdrettarar, forvaltning og elveeigarar kan utveksle erfaringar og innsikt. Dette er viktig for å løyse utfordringane i fellesskap.

– Ein open debatt og samhandling som byggjer på forsking, dialog og tillit, der ein også får utfordra og bryna standpunkt, er avgjerande viktig for å komma vidare, understrekar Handegard. Fylket har allereie fleire prosjekt på gang som skal kartleggje kva som påverkar villaks og sjøaure i fjordane. Desse vil få moglegheit til vidare støtte og oppfølging gjennom den nye satsinga.

Evaluering i 2026 

Alle tiltaka skal evaluerast i 2026 for å finne ut om dei har hatt effekt. Målet er klart: Havbruk skal vera ei viktig framtidsnæring i Vestland som produserer sunn mat og byggjer lokalsamfunn, og samstundes skal ein sikre eit rikt liv i elvane i fylket.