Oppgraderer visningssenter i Hordaland
Lingalaks som er morselskapet til Hardanger Akvasenter, aukar bevillinga for oppdatering av utstillingane på Hardanger Akvasenter og Skjærgårdsfisk Visningssenter med over to millioner kroner.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Ved denne fornyinga ønsker me å betre demonstrere og visualisere korleis eit heilt moderne oppdrett vert driven, seier visningsleiar Sebastian Ludvigsen
Dei er no gang med eit forprosjekt som kartlegg behov og moglegheiter for utstillinga.
- Det me veit er at utstillinga skal få eit stort løft, samt verta meir interaktiv. Utviklinga i oppdrettsnæringa går fort, difor jobbar me med ei utstilling som kontinuerleg kan oppdaterast og fjernstyrast digitalt. Detta vil gje oss ein fordel ved at me alltid kan syna fram den nyaste og mest relevante informasjonen til de besøkande til ei kvar tid, Ludvigsen.
Samarbeidar med leverandørindustrien
Han legg til dei har eit stort mangfald i gruppe og besøkande, og vil at alle skal få mest mogleg ut av eit besøk, blant anna ved å implementere verktøy for oppgåver og etterarbeid for skuleklassar.
- Første del av utstillinga planleggast å vera ferdig til hovudsesongen startar til våren. Me gjev også leverandørindustrien mogleghei til å ta del i utstillinga, for å gje eit heilhetlig inntrykk av næringa og teknologien som nyttast i lakseproduksjonen i dag.