Øystein Skaala er seniorforsker ved Havforskningsinstituttet.

Sporing av rømt oppdrettslaks

Publisert

Snart 20 år etter at Merkeutvalget la fram sin einstemmige rapport om metodar for å spora opphavet til urapportert rømming, går debatten framleis høgt i media. Sidan mange ikkje kjenner bakgrunnen, tillet vi oss å koma med ei lita oppfrisking. Merkeutvalet var nedsett av Fiskeridepartementet og leia av Fiskeridirektoratet, med medlemer frå forsking, forvalting og næring. Etter å ha gjennomgått alle tenkelege metodar for merking og sporing av urapportert rømt fisk, konkluderte Merkeutvalet einstemmig med at to metodar var aktuelle for vidare utprøving: fysisk snutemerking (Coded wire tags) og den DNA baserte Beredskapsmetoden, føreslegen av forskarar på Havforskingsinstituttet. Alt i 2007, tre år etter at utvalet la fram sin konklusjon, var Beredskapsmetoden etablert ved HI og testa i ei konkret rømmingssak på forespørsel frå Fiskridirektoratet. Gjennom dei følgjande 15 åra har vi gjennomført ca 20 slike saker for fiskeriforvaltinga. I dei aller fleste tilfelle har vi identifisert den sannsynlege kjelda, slik at forvaltinga kan vurdera om det er grunnlag for vidare undersøkingar av rutinar på vedkomande anlegg, og eventuelt rettslege tiltak. Som namnet hintar til, er Beredskapsmetoden basert på å løysa konkrete enkeltsaker, og sidan metoden er basert på laksen sitt eige DNA og ikkje krever noko for for merking eller oppbygging og drift av kostbare databasar for fysiske merkekodar som coded wire tags eller DNA, har dette vist seg å vera eit kostnadseffektivt og nyttig verktøy for forvaltinga.

Rømingsepisodar med ukjent opphav er episodar der oppdrettaren ikkje har meldt frå, anten fordi selskapet ikkje har vore merksam på at dei har missta fisk, eller fordi dei har unnlate å melda frå. Sidan det først og fremst er større rømingsepisodar med ukjent opphav som er viktige for forvaltingsstyresmaktene, er det desse den etablerte DNA Beredskapsmetoden har fokus på. 

Næringa kan sjølv kan ha nytte av meir omfattande metodar for å halda oversikt over logistikken i oppdrettsmaterialet, noko som også vil kunna bidra til sporing av rømt laks fanga i elv, frå smålekkasjar (såkalla drypprømming). Men inntil andre sporingsmetodar og eventuelle forskrifter er på plass, så fungerer DNA Beredskapsmetoden fint som kostnadseffektivt og praktisk verktøy for sporing av større urapporterte rømingsepisodar.