Det er mest aktuelt å vurdera stansa i laksefiske i elvar med mykje stor laks frå grensa mot Sverige i sør til og med Trøndelag, og stans i sjølaksefiske på same strekning. Bilete frå laksefiske i Nidelva i Trondheim.

Miljødirektoratet åtvarar om at laksefisket i store deler av norske elver kan bli stoppa

Laksefisket kan bli stansa i delar av landet på kort varsel, etter rapportar om svært lite laks så langt i år.

Publisert Sist oppdatert

– Førebelse tal frå elvane tyder på svært låge fangstar av den raudlista atlantiske laksen dei aller fleste stadene i Noreg. Vi er særleg bekymra for elvar der større laks utgjer ein vesentleg del av bestanden. Der tyder fangsttala på at det kan bli alt for lite fisk på gyteplassane, sjølv om det skulle komme normalt med smålaks seinare i sesongen, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro i ei sak publisert på heimesida til direktoratet. 

Ser svært dårleg ut så langt 

Vitskapleg råd for lakseforvaltning (VRL) kom 17. juni med ein rapport som viste at talet på laksar som kom tilbake til elvane i Noreg frå havet i fjor var det nest lågaste nokosinne, og kvar tredje laksebestand har svært dårleg status. Laksesesongen 2024 er så langt i tillegg noko av det dårlegaste ein har sett, med fangstar langt under kva som er normalt så langt ut i sesongen. 

– Vi gjer alltid ein midtvegs-evaluering av laksesesongen i starten av juli, og innfører avgrensingar i laksefisket både i elv og sjø, viss det viser seg naudsynt. I år kan dette vere for seint, seier miljødirektør Ellen Hambro. 

Dette inneber at laksefisket i år kan bli stengt før midtvegs-evalueringa. 

Kan måtte stanse laksefisket tidlegare 

Direktoratet jobbar no med å få oversikt over kvar det allereie ligg føre informasjon som tilseier at det er risiko for alvorlege skadar på bestandane. Det er mest aktuelt å vurdere stans i laksefiske i elvar med mykje stor laks frå grensa mot Sverige i sør til og med Trøndelag, og stans i sjølaksefiske på same strekning. Lenger nord er lakseinnsiget normalt seinare, og vurderingsgrunnlaget er førebels langt dårlegare der.

– Der det er risiko for alvorleg skade på laksebestandane kan det bli aktuelt å endre fiskereglane slik at laksefisket blir stansa. Dette kan skje på svært kort varsel. Blir det fiska for mykje kan vi få ein alvorleg knekk i produksjonen av lakseungar. Då blir det endå mindre å fiske på i framtida, og viss dette gjentek seg kan det føre til langvarig svikt i innsiget av laks, som eksempelvis i Tana, seier Ellen Hambro. 

Føre-var i elvene

Norske Lakseelver (NL) organiserer 125 av lakseelvene i Norge. Dei deler direktoratets bekymring og følgjer denne situasjonen tett.

 Forvaltningslaga vert difor anbefalt til å kommunisere dette ut til fiskarane no:

  • Oppfordring til å ikkje avlive holaks / Eventuelt freda all holaks
  • Oppfordring til å ikkje nødvendigvis ta heile den personlege kvoten / Eventuelt allereie no føreta ei innstramming i kvotane

På kort sikt også sørgje for å:

  • Ha gode planar klare for å kunne gjere raske/drastiske endringar i fisket
  • Ha ein plan klar for korleis forvaltningslaget når fiskaren og fisketilbyderrane
  • Ha ein plan for å orientere fiskeoppsynet fortløpande, og vurdera om bemanninga er tilstrekkeleg

Midtvegs-evaluering

Mange av elvene har forhandsavtalte alternativ ved midtvegs-evaluering. Vurderinga av innsig og GBM-oppnåing blir ekstremt viktig i år for å treffe riktig avgjersle. Er ein i tvil, anbefaler NL å gå for strengaste alternativ.

Norske Lakseelver minner om at forskrifta § 6, pkt. c seier at dersom evalueringa viser at gytebestanden vert mindre enn 50 % av GBM så skal fisket avsluttast.