Olve Grotle i Høyre

Mageplask frå regjeringa – Miljøfleksordninga i havbruket utsett til våren

Olve Grotle i Høyre meiner Regjeringa ikkje leverer på Miljøfleksordninga, men lar den i realiteten bli ein den av Havbruksmeldinga. 

Publisert Sist oppdatert

– Det er ikkje i samsvar med anmodningsvedtaket til Stortinget. Dette føyer seg inn i rekka av saker som regjeringa ikkje har levert på når det gjeld havbruk, seier han til Kyst.no.

Grotle understrekar at det regjeringa nå kjem med gjeld nemleg berre oppdrettarane som har fått nedtrekk i produksjonen. 

– Det er isolert sett bra for desse, men vi stiller spørsmål både ved om ordninga som er foreslått er for lite teknologinøytral, om den er treffande og om den er kraftfull nok. Det ligg for eksempel ikkje inne konverteringsordningar, som nok mange i næringa hadde venta. 

Utsett minst eit halvår

Han seier Høgre vil nå sette seg nærare inn i forslaga som er komme når det gjeld desse, og ikkje minst korleis næringa sjølv oppfattar forslaget – og om dette er gjennomførbart.

– I realiteten er Miljøfleksibilitetsordninga nå utsett minst eit halvår. Det er svært uheldig for havbruket, som heilt sidan Solberg-regjeringa lanserte Miljøteknologiordninga hausten 2021, har måtte venta på ei generell ordning for heile havbruket som kunne stimulere til ei meir berekraftig og miljøvenleg havbruksnæringa. 

– Nå viser det seg at havbruksnæringa heller ikkje nå har fått det ein har venta på i over 3 år, understrekar Grotle.

Han fortel vidare at Høgre er opptatt av at ei av dei viktigaste distriktsnæringane vi har får gode og stabile rammevilkår, noko som er ein føresetnad for utvikling og investeringar. 

– Det gjeld også Miljøfleksibilitetsordninga som Stortinget etterspurde i vår, etter initiativ frå Høgre. Vi vil derfor følgje opp saka, avsluttar han.

Hjelper delvis

Stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad uttaler til Kyst.no at det er bra regjeringa endeleg kjem med noko.

– Dette har vore etterspurt lenge av både Stortinget og næringa. Dette vil hjelpe og vere nyttig for nokre få oppdrettarar på Vestlandet, men det vil ikkje vere eit relevant regelverk for resten av landet.

Bjørnstad understrekar at forslaget ikkje vil føre til at ein einaste konvensjonell konsesjon i produksjonsområde som ikkje er raude, blir konvertert til nullutsleppsløysingar. 

– Til det trengst sterke insentiv frå regjeringa. Vi ser fram til at havbruksmeldinga kjem, og at Stortinget endeleg får moglegheit til å diskutere noko av substans frå regjeringa, avslutter Bjørnstad.