
– Hadde eg visst det, skulle du faen ikkje fått betaling!
Kristen Strømmen var ein av pionerane i settefiskproduksjon og seinare lakseoppdrett. I denne sendinga av «Kystpodden» skal vi høyre meir om Kristen, fortalt av eldstesonen Sven Jørgen Strømmen.
I eit intervju underteikna gjorde med Kristen Strømmen for Norsk Fiskeoppdrett i 1997, fortalde han om den første salgskontrakta for settefisk. Det var til sjølvaste Sivert Grøntvedt på Hitra, og kanskje den første – i alle fall den lengste – transporten av levande fisk på landevegen i Noreg. Turen tok 24 timar frå Bremanger til Hitra på standard bygdeveg anno 1974.
Men før dette var Sivert skipper på ringnotbåten «Ståltind», medan Kristen var bestmann (styrmann) på ringnotbåten «Hoddevik». Det hadde seg slik at «Hoddevik» sette ned nota for «Ståltind», noko som ikkje var heilt uvanlege uhell på feltet. I slike tilfelle var det plikt å melde frå, det vart også gjort. Men kven den “skuldige” var, fortalde Kristen til Sivert på eit seinare tidspunkt. Det var då Hitra-høvdingen braut ut: «Hadde eg visst det, skulle du faen ikkje fått betaling.» Kristen lo godt av denne historia og fortalde at dei to vart gode vener.

Ville leve av det
Sven Jørgen Strømmen fortel at då faren starta med laks, var det fordi han som 46-åring hadde bestemt seg for at han ville gå iland og avslutte fiskaryrket. Han hadde lagt seg opp litt pengar og alt vart brukt til å byggje settefiskanlegg.
– Han var tydeleg på at då han valde å skifte yrke, var det alvor og ikkje hobby, fortel Sven Jørgen. Han vaks opp med familiebedrifta rundt seg og fekk si første lønn som 11-åring.
– Det må vel kunne kallast barnearbeid, humrar han.
I denne sendinga av «Kystpodden» fortel Sven Jørgen meir frå oppveksten og utviklinga av K. Strømmen Lakseoppdrett. Han fortel og om livet som gründer og bedriftsutviklar etter at han selde seg ut av oppdrettsverksemda og etablerte Fjord Miljø blant fleire verksemder.
Høyr meir i «Kystpodden», laurdag 26. april 2025 kl. 10.00
kyst.no/kystpodden og Spotify
Kystpodden: Høyr meg – Sjå meg
Les mer om Kystpodden:
-
Han søv ikkje bort sumarnatta den karen
-
Du finner henne på øverste hylle
-
Slik ble «bibelen» til
-
Forsker, kunstner og miljøforkjemper
-
– Rik? Nei, du. Fikk en utstoppet oter og en billett til Holmenkollrennet
-
– Laksen drives for hardt
-
– Korrupsjon er et dekkende ord
-
– Næringens omdømme er i fritt fall
-
Mjølkebilsjåføren som vart lakseoppdrettar
-
Solgte konsesjonene for å starte på nytt