Han søv ikkje bort sumarnatta den karen
Han vart legende i levande live – oppdrettspioneren, organisasjonsbyggjaren og bedriftsgrunnleggjaren Erling Osland. «Kystpodden» har møtt tredje generasjon Osland – Erik Osland som fortel om besten.
Erling Osland blei i si samtid omtala som ein viljesterk og stridbar person. Han gjekk ikkje av vegen for ein krangel dersom det måtte til for at han skulle få det som han ville. Som oftast fekk han det, og ikkje utan grunn.
I eit jubileumsintervju i Norsk Fiskeoppdrett nr. 7/1984, i høve 70 års dagen til Erling, fortalde han om korleis det heile begynte på heimgarden Osland som låg strategisk plassert mellom den djupe Sognefjorden og høge fjell med mange vassfall. Her skreiv han historie då han alt på byrjinga av 1960-talet fekk klaff med produksjon av stor aure.
I denne sendinga av «Kystpodden» freistar vi å gjenskape intervjuet ved å la Erling sine svar bli opplese.

Framsynt mann
Meir enn nokon av oppdrettspionerane i Noreg var Erling Osland aktiv på fleire frontar. I oppdrettsverksemda utvikla han innhegningar til fisken, han samarbeidde med fiskeindustrien i Måløy der han fekk avskjer og ingrediensar til fôrkjøkenet. Han samarbeidde med NTH i Trondheim om utvikling av notimpregnering, og han heldt ei streng linje for å halde fisken isolert for på den måten å unngå smitte. Erling har uttalt at eit stort produksjonsvolum var gunstig slik at kostnadane per kilo vart redusert. Ikkje minst var han og tidleg ute og spådde at fiskeoppdrett kom til å bli mykje større enn landbruket.
Organisasjonsmannen Erling er eit kapittel for seg. Han var med på å etablere lokale oppdrettarlag som seinare danna grunnlaget for etableringa av Norske Fiskeoppdretteres Forening. Han var aktiv med å få etablert Fiskeoppdretternes Salgslag, han har aktiv med å utvikle havbruksforskinga med etableringa av Matre Havbruksstasjon og han tok osgå ein kamp for at fagbladet Norsk Fiskeoppdrett skulle ha redaksjon i Bergen.
Høyr vår versjon av historia om Erling Osland – ei historie henta frå fagbladet sine spalter der redaktøren mellom anna var med på feiringa av pionerhøvdingen sin 70-års dag. Journalisten avslutta rapporten med at pioneren var ein av dei siste som forlèt festen:
«Han søv ikkje bort sumarnatta den karen», skreiv han.
Du får heile sendinga onsdag 16. april 2025 kl. 17.00
kyst.no/kystpodden og Spotify
Kystpodden: Høyr meg – Sjå meg
Les mer om Kystpodden:
-
Du finner henne på øverste hylle
-
Slik ble «bibelen» til
-
Forsker, kunstner og miljøforkjemper
-
– Rik? Nei, du. Fikk en utstoppet oter og en billett til Holmenkollrennet
-
– Laksen drives for hardt
-
– Korrupsjon er et dekkende ord
-
– Næringens omdømme er i fritt fall
-
Mjølkebilsjåføren som vart lakseoppdrettar
-
Solgte konsesjonene for å starte på nytt
-
Lot pappaen få beholde halvparten av barna